Kva er FAU?

FAU er forkorting for Foreldrerådets arbeidsutval. Alle foreldre som har barn på skulen, er medlemmer av foreldrerådet. Foreldrerådet vel eit arbeidsutval (FAU), og FAU fungerer som eit styre for foreldrerådet.

Samarbeid med heimen

Foreldre og føresette har hovudansvaret for eigne barn, og dei har stor innverknad på motivasjonen og læringsutbyttet deira. Samarbeidet mellom skole og heim er sentralt både for å skape gode læringsvilkår for kvar einskild elev og for eit godt læringsmiljø i gruppa og på skolen. Ein føresetnad for godt samarbeid er god kommunikasjon. Gjensidig kommunikasjon om den faglege og sosiale utviklinga til elevane og kor godt dei trivst, vil stå sentralt i samarbeidet. Samarbeidet mellom skole og heim er viktig i heile grunnopplæringa, men det vil endre karakter og form etter kvart som elevane blir eldre og får større ansvar for eiga læring og utvikling.

Samarbeidet mellom skole og heim er eit gjensidig ansvar, men skolen skal ta initiativ og leggje til rette for samarbeidet. Opplæringslova, forskrift til lova og læreplanverket dannar grunnlag for samarbeidet, og foreldre og føresette skal ha reelt høve til innverknad på eigne barns læringsarbeid fagleg og sosialt.

Heimen skal få informasjon om måla for opplæringa i faga, kva fagleg utvikling elevane har i forhold til måla, og korleis heimen kan medverke til å fremme måloppnåinga deira. Vidare skal heimen ha informasjon om korleis opplæringa er lagd opp, og kva for arbeidsmåtar og vurde- ringsformer som blir brukte. Det må også leggjast til rette for at foreldre og føresette får nødvendige opplysningar for å kunne delta i reelle drøf- tingar om utviklinga av skolen.. (Oppl.l. § 1-1 og forskrift kap. 20).

Kvifor har foreldra på skulen eit FAU?

Mandatet – kva er FAUs rolle?

Foreldra har rett til medverknad i skulen. FAU skal sikre reell med- verknad frå foreldre og ha medansvar for at læringsmiljøet til elevane er trygt og godt.

Som medlem av FAU kan du få

  • høve til å bli godt kjend med det som skjer på skulen
  • høve til å bli kjend med leiinga på skulen
  • høve til å bli kjend med andre foreldre
  • høve til å vere med på kvalitetsutvikling av skulen
  • vere med og betre skulekvardagen for elevane

Kva for retningslinjer har FAU?

Går vi til lover og planar for skulen, finn vi retningslinjer som:

  • Foreldre skal ha medansvar i skulen
  • FAU skal
    – fremje fellesinteressene til foreldra
    – medverke til at foreldre tek aktivt del i arbeidet med å skape eit godt skulemiljø
    – fremje samarbeidet mellom heimen og skulen
    – leggje til rette for positiv utvikling hos elevane
    – skape kontakt mellom skulen og nærmiljøet

Kva gjer eit FAU?

Døme på oppgåver og saker kan vere:

Diskutere saker som blir tekne opp i

  • politiske utval i kommunen
  • samarbeidsutvalet
  • elevrådet
  • foreldremøta

Medverke aktivt i

  • vurdering av skulen
  • utviklingsarbeid i skulen
  • utvikling av eit trygt læringsmiljø for elevane
  • planlegging og oppfølging for å fjerne mobbing
  • sosiale tiltak for elevane
  • organiseringa av undervisningautforming av måla for eigen skule
  • prosjekt som blir gjennomførte i skulen (t.d. IKT )
  • arbeidet med det fysiske skulemiljøet
  • arbeidet med trafikkforholda i nærmiljøet
  • arbeidet for eit godt samarbeid mellom heim og skule

Planleggje og gjennomføre (saman med skuleleiinga)

  • kurs/informasjon til alle foreldra
  • samlingar for foreldre og lærarar saman
  • samling for foreldrekontaktane (skulering og erfaringsutveksling)

Informasjonsarbeid

  • til alle foreldra
  • gjennom eigne foreldresider på nettstaden til skulen

Samarbeide med

  • elevrådet
  • skuleleiinga og tilsette
  • foreldra ved skulen
  • foreldrekontaktane og vere med og fremje samarbeidet i gruppa/klassen
  • og gi/få råd av tilsette og leiinga på skulen
  • og innhente synspunkt frå alle foreldra (organisere dette arbeidet)

FAU kan vere med på – og sikre kvaliteten på

  • overgangen mellom skuleslaga (frå barnehage til barneskule, barneskule til ungdomsskule, ungdomsskule til vidaregåande opplæring)
  • det første møtet foreldra har med skulen, når elevane blir skrivne inn, og på den første samlinga for foreldra på første og åttande trinn.

Dette var mange punkt!

Dei kan brukast som eit utgangspunkt når FAU skal drøfte kva for oppgåver som er viktige på eigen skule. Ta utgangspunkt i det de vanlegvis gjer, sjå om noko av dette skal endrast og om det er idear i punkta ovanfor som de kan bruke.

Korleis jobbar eit FAU?

FAU bør

  • utarbeide mål for eige arbeid
  • ha eit reglement
  • ha ei val ordning som fungerer og skaper kontinuitet
  • ha god dialog og jamnlige møte med leiinga på skulen.
  • sjå̊ til at foreldre kontaktene har retningslinjer
  • lage ein plan for FAU-arbeidet
  • ha eige budsjett for FAU
  • diskutere kva som er viktigast å prioritere dette året.

Reell foreldremedverknad – meir enn dugnader

Tradisjonelt har oppgåvene til FAU i hovudsak dreidd seg om utemiljøet på skulen og arrangement (t.d. 17. mai, juleavslutning, dugnader, aktivitetsdagar osv.). Hovudtendensen er òg at FAU får oppgåvene sine frå leiinga på skulen; arbeidet til FAU blir mest på skulen sine pre- missar. Utfordringa for FAUane er sjølve å kunne ta initiativ til oppgåver og å komme meir med i «det indre liv på skulen», sjå til at foreldra får meir innverknad på det som skjer på skulen, på vurdering av skulen, endring og utvikling, at synspunkta til foreldra skal bli høyrde, tekne omsyn til og vere med.

Eit medansvar for oppvekstmiljø som stadig blir tøffare

Vi veit at kriminalitet, vald, mobbing, rusmiddel og rasisme er faktorar som stadig blir meir trugande for kvar enkelt av oss. Ein del av det førebyggjande arbeidet er å etablere eit godt og tett samarbeid mellom foreldra og skulen. Barn og unge treng vaksne som samarbeider og som kan skape gode nettverk.

«Medverknad» – avklar omgrepet!

Måla og oppgåvene til FAU må vere klart definerte. FAU må, saman med skuleleiinga, diskutere

  • kva for saker skal FAU få/gi informasjon om
  • om det er oppgåver som skulen gjerne ser FAU tek hand om og utfører
  • kva for saksområde er FAU med og legg premissar for

FAUs rolle og oppgåver er forskjellige frå skule til skule. Alle FAU bør ta ein gjennomgang av eigne oppgåver slik at FAU fungerer meir i retning av målsetjinga om reell foreldremedverknad i utvikling av læring og trivsel for elevane.

Lag ein heilskapleg plan for heim-skule-samarbeidet for skulen

FAU kan, i samarbeid med skuleleiaren, invitere foreldrekontaktane og kontaktlærarane til felles planleggingsmøte ved skulestart. Det bør setjast av tid til å utarbeide ein årsplan, ein konkret handlingsplan, for samarbeidet mellom heim og skule, både på gruppe/klassenivå, for FAU og for samarbeidsutvalet/driftsstyret. Dersom skulen har eige styre, skal arbeidet i rådsorgana også tilpassast møteplanen og sakene for styret. Det er viktig å bestemme kven som har ansvar for kva, og på kva tidspunkt oppgåven skal gjerast.

Lag ein årsplan for FAU

Plan bør inngå i ein heilskapleg plan for møte i samarbeidsutvalet/ driftsstyret og foreldremøte på gruppe/klassenivå og ha samanheng med aktivitetsplanen og skuleruta for skulen og innehalde punkt som

  • møtedagar (som må tilpassast møte i samarbeidsutvalet og elevrådet).
  • jamlege møte med leiinga på skulen
  • felles treff med foreldrekontaktar (og kontaktlærarar?)
  • realistisk nivå for talet på oppgåver og aktivitetar
  • tiltaksbeskrivingar av arbeidsområda/oppgåvene

For å sikre god informasjon om arbeidet i FAU, bør referat frå FAU-møta sendast alle foreldra ved skulen (og «FAU-stoff» bør leggjast inn på heimesida for skulen).

Faste og forpliktande vedtekter

Det bør vere vedtekter for FAU på kvar skule. Vedtektene bør innehalde

  • formål
  • valordning og samansetjing
  • møte-og arbeids rutinar(sakspapir, fordeling av saker, førebuing, ansvar, oppfølgings rutinar o.a.)
  • økonomi
  • arbeidsområde
  • årsmøte(eventuelt noko om ekstraordinært årsmøte)
  • endring av vedtekter
  • organisering internt i FAU (val av leiar, ,nestleiar, ,kasserar. arbeidsgrupper o.a.)

Heim-skule-samarbeid – ei god investering i oppvekst-miljøet til barna og dei unge

Foreldre har travle kvardagar, det er mykje å følgje opp når ein har barn i skulealder. Ein del foreldre har mykje tid dei vil setje av til samarbeid med skulen og er aktivt med i arbeidet for læringsmiljøet til ele- vane. Andre har ikkje så god tid eller godt høve til det.

Men – om vi no blir bedne om å vere med i FAU eller om vi sjølve har teke initiativ til å bli valde, så er utfordringa å gjere mest mogleg ut av møtetida og tida til oppfølgings-arbeid. Når oppgåvene er klare og mandatet klart, blir tida nytta best.

Når arbeidet fører til gode resultat for elevane, opplevast tida som velbrukt. FUG vil oppmode foreldre til å engasjere seg i læringsmiljøet og skulen til eleven, for eigen del, for skulens del og framfor alt – til beste for elevane!

Foreldre er først og fremst opptekne av kva som skjer med deira eigne barn. Men barna lever i eit skulesamfunn som er ein del av eit sosialt fellesskap.

Har vi nok kunnskap?

Dei fleste av oss treng å få informasjon og kunnskap om

  • korleis skulen er organisert
  • læreplanen
  • kven som styrer kva
  • o.a.

Alle foreldre treng noko informasjon om skulen og skulesystemet. Tillitsvalde foreldre treng noko ekstra for lettare å kunne takle oppgåvene som foreldrekontakt eller medlem av rådsorgana.

FAU må kunne vente at skulen gir dei skulering. Det burde vere «fast post» for alle nyvalde foreldrerepresentantar. FAU kan, i samarbeid med leiinga på skulen, lage ei «kurspakke» som kan gjennomførast med jamne mellomrom. Fleire skular kan slå seg saman og arrangere felles kurskveldar, eller kommunen kan samle FAUane frå alle skulane i kommunen til fellessamlingar. I nokre kommunar er det det kommunale foreldreutvalet som tek initiativ til slike samlingar.

Korleis vel ein FAU?

Valordningar og samansetjing av FAU

Valordningar og samansetjing avheng av storleiken på skulen. Det er foreldrerådet (alle foreldre som har barn ved skulen) som fastset valordninga. Foreldrerådet avgjer òg kor mange foreldrerepresentantar som skal vere med i arbeidsutvalet. Retningslinjer for valordninga bør vere skriftlege og inngå i vedtektene for FAU.

Valordning og samansetjing kan til dømes vere:

  • Ein foreldrekontakt frå kvar gruppe/klasse går inn som medlem av FAU. Det kan vere viktig for å sikre informasjonsflyt mellom FAU og alle gruppene/klassane. Dersom det er to foreldrekontaktar i kvar gruppe/klasse, og dei blir valde for to år om gongen, bør desse overlappe kvarandre. Da blir det ein på val kvart år. Dette sikrar kon- tinuiteten og erfaringane som er opparbeidde. Det kan vere naturleg at den som har lengst erfaring, sit i FAU. Å vere både foreldrekontakt og FAU-representant kan opplevast som ei fornstor arbeidsbør.
  • Ein kan velje ein FAU-representant frå kvart trinn. Dersom det er meir enn ei gruppe på kvart trinn, kan ein av foreldrekontaktane på kvart trinn veljast inn i FAU. I så fall må det leggjast til rette for god informasjon mellom FAU-representanten og foreldrekontaktane.
  • Ein kan velje ein FAU-representant i kvar gruppe eller for kvart trinn i tillegg til foreldrekontaktar. På den måten kan oppgåvene innanfor heim-skule-samarbeid fordelast på fleire. Dersom valperioden i FAU til dømes er på to eller fleire år, vil denne ordninga vere ein fordel.
  • Det kan òg vere fritt val av medlemmer til FAU:
    – Valkomiteen (oppnemnd av FAU) spør fleire kandidatar før årsmøtet.
    – Kvar gruppe/klasse kan til dømes velje sin kandidat som vil kjempe om plass i FAU.
    – Det formelle valet blir gjort av årsmøtet.
    – Ei slik ordning bør sikre at alle hovudtrinna er godt representerte.
    – Denne måten å velje på, kan føre til at ein da får kandidatar som er direkte spurde eller sjølve har stilt seg til val. Kanskje desse kandidatane er særleg motiverte og innstilte på å gjere ei klart definert oppgåve. Det ein kan tenkje over, er om det kan vere viktig å motivere for dette arbeidet før ein vel foreldrekontaktar (det finst døme på at foreldre har stått i kø for å få eit verv i FAU!).
    – Ved fritt val kan ein òg stille seg til disposisjon for å gjennomføre særskilde oppgåver.
    – Viss FAUs rolle og oppgåver er klart definerte, vil det nok vere lettare å rekruttere – da veit ein kva ein går til!

Kor mange medlemmer skal FAU ha?

Storleiken på skulen vil vere avgjerande for talet på representantar i FAU. Talet på representantar i FAU kan variere frå nokre få (5–7 personar) til opp til tjue. Ved nokre skular er FAU-medlemmene delte inn i eit styre (leiar, nestleiar, kasserar, sekretær) som koordinerer og leier arbeidet, mens dei resterande er delte inn i mindre undergrupper som arbeider med nærmare definerte oppgåver eller prosjekt (t.d. bruk av data i skulen, skulevurdering, utviklingsprosjekt, arrangement, informasjonstiltak, fleirkulturell satsing, spesialundervisning, nettverks- ansvarleg for foreldrekontaktane, trafikkspørsmål o.a.).

Det bør vere jamt tal kvinner og menn i FAU. Når skulen har elevar frå språklege minoritetar, bør òg desse gruppene vere representerte.

Samarbeid med skuleleiar, skuleeigar og tilsette i skulen

Rektor har ikkje møterett i FAU. Det kan leggjast inn faste tidspunkt eller delar av møtet der rektor er med, til gjensidig informasjon og drøfting. I ein del saker kan FAU be om at ein representant frå skulen gjer greie for eller innleier om ei spesiell sak.

FAU-leiaren eller nestleiaren kan ha faste trefftider slik at gjensidig informasjon blir sikra, og saker (i både foreldrefora og fora for tilsette) kan førebuast og planleggjast. Når FAU deltek aktivt i skulevurdering og planlegging av verksemd/ utvikling, er det føremålstenleg med nokre felles møte.

Motsetningar og usemje kan oppstå i samarbeidet mellom heim og skule. I starten av eit samarbeid bør ein lage retningslinjer for konflikthandtering – før usemja er eit faktum. Retningslinjene kan seie kven ein skal vende seg til, at usemje skal takast opp på eit så tidleg tidspunkt som mogleg, at ein må akseptere at foreldre og tilsette i skulen har ulik tilnærming til eit problem, at det er viktig å tenkje på elevane sitt beste når det oppstår usemje mellom heim og skule, at kompromiss er betre enn ei vinn/tap-løysing, o.a

Samarbeid med andre foreldre

FAU må, før det blir halde møte i styret for skulen (der det er eit slikt) eller samarbeidsutvalet, drøfte saker som skal opp slik at foreldrerepresentantane er godt førebudde. Det må derfor vere samanheng mellom saklista til FAU og samarbeidsutvalet/styret FAU kan på eige initiativ fremje saker for samarbeidsutvalet.

FAU må halde god kontakt med andre foreldre. Det kan m.a. gjerast ved å ha eigne nettverkssamlingar for foreldrekontaktar. Her kan det leggjast til rette for skulering, for erfaringsutveksling mellom foreldre- kontaktane på skulen, og slik sikre at råd, tips og idear kjem alle gruppene/klassane til gode.

FAU må informere om arbeidet sitt, hente inn informasjon, leggje ut saker til drøfting og gi innspel i foreldremøte. FAU må òg sikre at alle foreldre er kjende med rettane og pliktene sine som foreldre til barn i grunnskulen.

FAU-representantane må vere synlege for alle foreldre. Når til dømes foreldra til barna på 1. trinn kjem saman ved skulestart, kan leiaren av FAU (eller ein annan i FAU) også ønskje velkommen som representant for FAU, informere om foreldremedverknad og samarbeid og snakke om forventningar.

I mange kommunar har foreldre starta foreldreutval på kommunalt nivå (KFU). Ein representant frå kvart FAU møter i KFU. Ved å ha eit KFU kan foreldra lettare nå fram hos dei politiske organa. KFU er òg nett- verket for erfaringsutveksling mellom FAUane.

(FUG har materiell om skiping av eit KFU.)

Kven har ansvar for at FAU kjem i gang med arbeidet sitt?

Det er skulen, ved rektor, som har ansvaret for at heim-skule-samarbeidet og arbeidet i rådsorgana kjem i gang. Skulen har ansvar for å leggje til rette, for å informere og for at samarbeidet blir prega av likeverd og dialog. Når skulen har teke initiativet, er det like mykje foreldra som har ansvar for at samarbeidet held fram og blir utvikla vidare.

Ein tydeleg profil på heim-skule-samarbeid

Ved enkelte skular er det klart formulert kva for retningslinjer som finst for samarbeidet, og kvart år blir det arrangert kurs for nye foreldretillitsvalde. Det finst òg døme på at retningslinjer, rutinar, ansvar og skulering er felles for alle skulane i ein kommune. På den måten kan ein unngå at nyvalde foreldrerepresentantar må starte «på berr bakke», og ein sikrar klare forventningar om det skuleleiarane og lærarane skal følgje opp.

Økonomi

Det er vanlegvis ikkje store kostnader bunde til det å halde FAU-møte. Men det kostar å sende brev, ta telefonar, kopiere, reise på besøk til andre skular, delta på samlingar, o.a. FAU-medlemmene skal ikkje sjølve betale for utgifter i samband med verv i skulen!

Ved kvar skule bør det vere pengar avsette til rådsorgan og foreldretillitsvalde!

Opplæringslova

1-1 Formålet med opplæringa

”Opplæringa i skole og lærebedrift skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida og gi elevane og lærlingane historisk og kulturell innsikt og forankring. (…)”

§ 11-1. Samarbeidsutval ved grunnskular

«Ved kvar grunnskule skal det vere eit samarbeidsutval med to repre- sentantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. (…)»

§ 11-1a. Skolemiljøutval ved grunnskolar

Ved kvar grunnskole skal det vere eit skolemiljøutval. I skolemiljø- utvalet skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skoleleiinga og kom- munen vere representerte. Skolemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal. (…)”

§ 11-4. Foreldreråd ved grunnskular

«På kvar grunnskule skal det vere eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skulen, er medlemmer. Foreldrerådet skal fremje felles- interessene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape godt skulemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skulen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet.

Foreldrerådet vel eit arbeidsutval. Arbeidsutvalet vel to representantar med personlege vararepresentantar til samarbeidsutvalet. Leiaren for arbeidsutvalet skal vere den eine av representantane.»